Eit Lærarblad

Av Ragnar Kvamsås

 

avis2Første nummeret av ”Lærer-standens avis” kom ut 18. oktober 1871, i Risør. ”Seminaristen” heitte bladet den gongen, og skulle kome ein gong for veka. Redaktøren var den 20 år gamle Arne Garborg, som i 1870-71 var lærar i Søndeled. Hausten 1871 sa han opp lærarposten, så han kunne få ofre seg for det nye skulebladet sitt.

Dei tre første nummera kom ut i Risør, men så skifte bladet både namn og prentestad. Frå nå skulle det heite “Lærerstandens avis”. Det hadde vist seg at mange lærarar mislika namnet “Seminaristen”. Ordet seminarist hadde av ymse grunnar fått mindre god klang. Her måtte akademikarane ta mykje av skulda meinte Garborg: “De har jo skraalet og skreget aar ud og aar ind om seminaristisk aands- umodenhed, halvdannelse, pedanteri, dumstoldhed osv.” Så hadde da lærarane begyndt at tvile om sig selv og frygte for at skraalet havde ret.”

Ei tid blei nå bladet prenta hos Arnt Moe i Stavanger, men så fekk Garborg seg eit prenteverk som han hadde på Sandal hos mor si. Til hjelpesmann fekk han ein ung setjar frå Bergen. I nr. 26 for 1872 blir atter meldt at “Lærer-standens avis” er på flyttefot: “Thi det er udgiveren som bærer bladet, og ikke bladet som bærer udgiveren. Nu har det stillet sig slig, at udgiveren må flytte, – ergo flytter avisen, ja sogar hele trykkeriet med. Denne gongen gjekk vegen til Tvedestrand, og der kom bladet ut til det stogga 27. juli 1873.

“Lærar-standens avis” var ikkje noko skuleblad i vanleg meining. Dei vi tidligare hadde hatt, hadde vore svært einsidige, gitt mest berre “turr skulemeistarlærdom” og referat frå lærarmøte. I Norsk Almueskoletidende” var det såleis “mest inkje annat enn skulemeistarlag heil vegen”, skriv ein innsendar i “Lærar-standens avis”. Garborg ville skape eit skuleblad som skulle gi allsidig orientering, og såleis “komme standens interesser nærmere end de tidligere skoleblade. “Sjølvsagt skulle viktige skulespørsmål bli drøfta, men læraren har ei ansvarsfull gjerning også utanom skulestova, skriv Garborg: “Han står mellem folket paa et stade, hvor han kan og skal være virksom til alle kanter. Folket har krav paa ham som vejleder og opplyser.” Han må derfor orientere seg om spørsmål av mange og ulike slag, også slikt som litteratur, målsak og politikk.

Litteraturen fekk serleg stor plass. Også landsmålslitteraturen kom med, og målsaka i det heile fekk ein god talsmann i “Lærer-standens avis”. Garborg skreiv mange dikt og forteljingar i bladet, og lærarane blei oppmoda om å gi sitt tilskot slik og. “Dog – ikke for megen lyrik, ikke for mange vers! – Der skal godt humør til at fordøie dem.”

Dette programmet ble vel motteke av lærarane kring om i landet. Her var bladet dei trong om når dei skulle “følge Dagens Begivenheder, ikke blot paa Skolens Felt, men ogsaa paa Politikens og andre Felter,” skriv ein lærar i nr. 1 for 1872. Det kunne vere vankeleg nok å finne ei høveleg avis, seier han. “Norsk Folkeblad” er i den senere Tid slaaet ind paa en Politik, som vistnok ikke finder Anklang hos alle lærere, da Kjævlerier vist altid maa ansees for usund Kost. “Almuevennen” er jo beregnet paa menigmand, og bygger som saadant vel lavt for Skolelærerstanden, der vel maa kunne fordøie en sterkere Kost.” “Dagbladet” er for dyrt, skriv han for utførleg og einsidig politisk. “Det samme gjælder andre Dagblade, f.eks “Morgenbladet”, der tillige oftere skal have et Indhold, der er mindre skikket til at løfte og forædle Læseren.”

Det var heller ikkje skort på tingarar som førde til at “Lærars-standens avis” gjekk inn sommaren 1873. Men Garborg hadde blitt klår over at hans livskall var eit anna enn å vere lærar, og så måtte han gi opp arbeidet med “Lærar-standens avis” og. Men det ville gle han mykje, seier han i siste nummeret, om nokon annan ville ta opp og gjere røynd den tanken som hadde skapt dette skulebladet.

(Artikkelen har tidligere stått på trykk i Bergens Tidende 5. mai 1962. Da i serien; Godbiter fra samlingene.)